Skal brenne ned «filmhuset»: – Vi tek det som ei brannøving

Lom og Skjåk brannvesen har fått i oppdrag å brenne ned det halve huset som vart bygt til innspelinga av monsterfilmen «Troll». Nedbrenninga skjer i dag, måndag.

Nedbrenning: Huset som vart bygt til innspelinga av monsterfilmen «Troll» skal brennast ned måndag. Det er Lom og Skjåk brannvesen som har fått oppdraget.  Foto: Atle Festervoll

Nyheiter

– Akkurat nå blir det rydda rundt huset og klargjort for nedbrenning. Eg reknar med at vi er i gang om ein halvtimes tid, seier brannsjef Atle Festervoll i Lom og Skjåk brannvesen til Fjuken rett før klokka 10 måndag.