Draumen for Andrine var å køyre store anleggsmaskiner

Andrine Gården er lærling innan anleggsteknikk og trivst bak spakane på store maskiner. Ho angrar ikkje på yrkesvalet. – Det er dette eg interesserer meg for.

Lærling og pendlar: Andrine Gården trivst som lærling i Feiring Bruk. Ho er ferdig med det fyrste av to år som lærling, og har fått lovnad om fast jobb når ho har fagbrevet i lomma. Andrine arbeider tolvtimarsdagar, noko som gjer at ho kan ta helg og reise heim til Vågå torsdagskveldane.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

18-åringen frå Vågå har vore lærling på Feiring Bruk på Lørenskog i litt over eit år, og har att eitt år før ho kan ta fagbrev.