– Det blir svært vemodig å forlate Lom

Storfilmen «Troll» har siste innspelingsdag i Lom i dag, måndag. Det tykkjer regissør Roar Uthaug er trist.

Kanelsnurrer: Regissør Roar Uthaug kunne by ordførar Bjarne Eiolf Holø på ferske kanelsnurrer da han på vegner av filmcrewet takka for seg i Lom.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Det er både trist og vemodig, og det seier eg ikkje for å vera høfleg. Vi har hatt det svært bra, og vi har vorte godt mottekne av absolutt alle. Innspelingsdagane i Lom og Bøverdalen har vore framifrå på alle vis, og eg håpar vi kan koma attende til andre filminnspelingar. Det er ikkje tull det heller. Eg meiner det, seier regissør Uthaug.