Vel gjennomført «Flåklypa open»

Førre laurdag arrangerte Flåklypa sendeplatelag årets klubbmeisterskap. Det vart ein vellykka dag.

Klubbmeisterskap: Laurdag vart årets klubbmeisterskap, «Flåklypa open», gjennomført, i regi av Flåklypa sendeplatelag. Frå venstre: Erik Steinsgard (3. plass open klasse), Kåre Plassen (1. plass open klasse), Tobias Skjaak Plassen (1. plass junior, og klubbmeister), Alexander Lapschies (2. plass open klasse) og Bodil Daae (1. plass dame).   Foto: Flåklypa sendeplatelag

Nyheiter

«Flåklypa open» er namnet på klubbmeisterskapet i regi av Flåklypa sendeplatelag. Årets meisterskap vart gjennomført i strålande vêr førre laurdag.