Sikringsarbeid i Teigkamptunnelen på E6  - blir stengt i fem netter

Teigkamptunellen på E6 i Gudbrandsdalen blir nattestengt mellom klokka 20 og 06 i perioden 12. –17. september i samband med montering av bergsikringsboltar. Omkøyring om fylkesveg 2522 blir skilta.

Stengt om natta: Teigkamptunnelen på E6 blir stengt i fem netter medan det går føre seg sikringsarbeid.  Foto: Knut Opeide / Statens vegvesen

Nyheiter

Under ein rutineinspeksjon av tunnelkonstruksjonen i Teigkamptunnelen tidlegare i sommar, vart det oppdaga små sprekkar i berget i eit område på 30-40 meter i den nordre delen av den vel 3,7 kilometer lange tunnelen.

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Sprekkane vi har oppdaga utgjer ingen fare, men det er viktig at dei ikkje får utvikle seg. Difor stabiliserer vi nå fjellet ved å montere fleire sikringsboltar, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen.

Det er Gjerden Fjellsikring AS som utfører arbeidet i Teigkamptunnelen for Statens vegvesen. Ved hjelp av ein borerigg skal dei bore fem meter lange sikringsboltar inn i berget.

Sikringsarbeidet blir utført om natta når trafikken er låg.

Tunnelen blir difor stengt mellom klokka 20 og 06 i perioden søndag kveld 12. september - fredag morgon 17. september.

Det blir omkjøring om lokalvegen for alle køyrety, inkludert modulvogntog. Omkøyringa blir skilta.