Oversvømming på Skjåkheimen - vatnet er på retur

Styrtregn i Bismo laurdag kveld førte til oversvømming i kjellaren på Skjåkheimen.

Oversvømming: Laurdag kveld var det oversvømming i kjellaren på Skjåkheimen. Vatnet er nå på retur.   Foto: Vigdis Kroken/arkiv

Nyheiter

– Vatnet er nå på retur, fortel ordførar Edel Kveen rett før klokka 22.00 laurdag kveld.

Ho fortel at folk frå teknisk sektor har vore ute og tatt opp vatnet med våtstøvsugar.

– Det ser ut til å gå bra, seier ein letta ordførar.

På stutt tid kom det 40 millimeter med regn i Bismo laurdag kveld.

Edel Kveen fortel ho har sjekke vêrmeldingane, og at regnet skal avta i løpet av kvelden.