Vaksineringa av elevar på ungdomsskulen er i gang

Fredag morgon starta vaksineringa av cirka 80 elevar på Vågå ungdomsskule.

Vaksinering: Cirka 80 elevar ved Vågå ungdomsskule skal fredag bli vaksinert. Frå venstre står rektor Helen Øygarden, helsesjukepleiar Aud Marit Marstein, Helge Vesterås frå skulehelsetenesta og helsesjukepleiar Ingvild Hosarøygard.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Klokka 9.00 fredag morgon stod helsesjukepleiarane Aud Marit Marstein, Ingvild Hosarøygard og Helge Vesterås frå skulehelsetenesta klare for å starte vaksinering av elevar på Vågå ungdomsskule.