Inviterer til idémyldring om sentrumsutvikling i Vågåmo

Vågå kommune har fått ein halv million kroner for å utvikle ein masterplan for Vågåmo. I denne prosessen ynskjer kommunen å involvere så mange og så breitt som mogleg.

Sentrumsutvikling: Vågå kommune ynskjer å involvere så mange som mogleg i arbeidet med masterplan for Vågåmo sentrum. Steinar Løkken og Live Brimi håpar at så mange som mogleg møter på idémyldringsmøte torsdag 16. september.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Torsdag 16. september inviterer Vågå kommune næringsdrivande, privatpersonar, lag og foreiningar til innspel og idémyldringsmøte om Vågåmo sentrum i kommunestyresalen.