Nye smittetilfelle i Lom

Det vart tysdag stadfesta to nye smitta av koronavirus i Lom.
Nyheiter

Det melder Lom kommune onsdag føremiddag.

Den eine av dei to smitta er i fylgje kommunen tilreisande. Smittetilfella har medført nokre få nærkontaktar.

Lom kommune melder at situasjonen er oversiktleg. Totalt er nå tre personar smitta i kommunen.