Utvidar togtilbodet på Dovrebanen med fleire nye avgangar

Togtilbodet blir forbetra, når SJ Norge frå 12. desember utvidar med to nye avgangar frå Oslo og to nye frå Trondheim.

Fleire avgangar: Mange ottadølar nyttar seg av tog på Dovrebanen. Frå 12. desember blir togtilbodet utvida, med to nye avgangar kvar veg i døgnet, alle dagar bortsett frå laurdagar.   Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Frå og med 12. desember i år blir det to nye avgangar kvar veg mellom Oslo og Trondheim, på Dovrebanen. Dei nye avgangane gjeld frå måndag til fredag, og sundag.