Eitt nytt smittetilfelle i Skjåk

Éin ny person har fått påvist korona i Skjåk kommune. Vedkomande sat allereie i karantene, og er truleg smitta i ein annan kommune.
Nyheiter

Det melder Skjåk kommune tysdag føremiddag. Personen sit i isolasjon.

Kommunen kan elles opplyse om at dei fire som har vore i isolasjon i samband med smitteutbrotet på Grotli Høyfjellshotell nå er friskmelde. Hotellet er i normal drift.

Dei to som fekk påvist korona sist veke sit framleis i isolasjon, og blir fylgd opp av smitteteamet i kommunen. Éin av desse to er tilsett på Skjåkheimen. Skjåk kommune opplyser at det sidan førre veke har vore forsterka smitteverntiltak ved institusjonen, og at det ikkje er påvist nye smittetilfelle.

Det er i Skjåk ingen personar i nærkontaktkarantene som fylgje av dei, per nå, tre smittetilfella i kommunen.