«Bruk av dieselbil skal bøteleggjast»!

Nei, det er ikkje kommunestyret i Vågå som meiner dette, men 10. klasse som hadde teke plass i kommunestyresalen for politisk debatt.

Debatt: 10. klasse ved Vågå ungdomsskule hadde tysdag valdebatt på kommunestyresalen. Her sit 10A klare for klimadebatt.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

I samband med valet gjennomførte 10. klasse på Vågå ungdomsskule tysdag ein politisk debatt i kommunestyresalen på kommunehuset. Klima var ei av sakene som vart debattert.