Tatt 30 nye testar utan at ny smitte er kjent

Vågå kommune kom med gode nyheiter måndag ettermiddag. Det er tatt 30 nye testar utan at ny smitte er kjent.
Nyheiter

Statusoppdateringa på Covid-19 i Vågå er godt nytt attpå smitteutbrotet som har vore i bygda.

Det er tatt 30 nye testar utan at ny smitte er kjent.

Denne veka startar ein med vaksinering av 12-15 åringar.

Vaksineringsstatus i Vågå:

• Det er sett totalt 4.808 dosar.

• Tal personar med minst ei dose er 2.653.

• Tal på fullvaskinerte er 2.155