Skal drifte Skjåk trenings- og frisklivssenter

Ei satsing på eit kombinert trenings- og frisklivssenter er noko Margrete Morken Bøye trur kan koma innbyggjarane i Skjåk til gode.

Skjåk trenings- og frisklivssenter: Margrete Morken Bøye skal drifte treningssenteret i Bismo, som nå har fått namnet Skjåk trenings- og frisklivssenter. Med seg som vaktmeister og sparringspartnar har ho mannen sin, Sondre Morken Bøye.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Nyleg fekk Margrete Morken Bøye tilbod frå Skjåk kommune om å ta over drifta av Skjåk treningssenter. Fram til nå er det kommunen som har stått for drifta av senteret, som ligg i Industrivegen i Bismo.