Ny driftsentreprenør på Valdresflye

Brødrene Dokken AS skal drifte fylkesveg 51 over Valdresflye for Innlandet fylkeskommune fram til 2027.

Valdresflye: Brødrene Dokken AS vart driftsentreprenør på Valdresflye frå 1. september. Kontrakten varer til og med 31. august 2027.   Foto: Arve danielsen/arkiv

Nyheiter

Fleire fylkesvegar i Innlandet fekk frå 1. september ny driftsentreprenør. Oppgåvene til driftsentreprenørane er mellom anna å brøyte og strø fylkesvegane om vinteren, og gjennomføre kantklypp, reinhald av vegane og enkle vedlikehaldsoppgåver om sommaren.