Sjå kven som er vekas jubilant

«Vekas jubilant» er ei jente som har fylt 8 år.
Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Mari Soglo Fosstuen som vart 8 år den 4. september.

Vi gratulerer, og Mari får ei helsing i posten.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.