Redningsaksjon i fjellet

Ei kvinne i 30-åra vart natt til sundag henta frå fjellet.
Nyheiter

Politiet sette i gang ein redningsaksjon i samarbeid med HRS (Hovudredningssentralen) og friviljuge etter at ei kvinne i 30-åra ikkje kom attende frå tur. Ho vart lokalisert i eit bratt område utanfor sti.

Politiet opplyser at dette skjedde i området Gjendebu/Gjende.

Kvinna vart henta ut og frakta til sjukehus med kuttskadar.