Mindre personskade etter påkøyring bakfrå

Det har vore ei trafikkulykke i Skjåk sundag ettermiddag.

Ulykke: Politiet melder om mindre personskade etter ein påkøyrsel sundag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er trafikale utfordringar på riksveg 15 vest for Bismo etter ei trafikkulykke.

Politiet melder om ein påkøyrsel bakfrå, med mindre personskade..

For personbilar er det mogleg å køyre Nordberg solside, og over Bokkoddbrua.