Gamle Geirangerveg – vegen ingen har ansvar for

Gamle Geirangerveg er historisk og verneverdig, men kven har eigentleg ansvaret for vegen?

Hamsevika: Det tek til å bli «magert» ved brukara til brua som går over Hamsa. – Vegen har ein regional verneverdi og skal takast vare på i den form den har når det gjeld grusdekke, gråsteinsmurar, stabbesteinar, breidde og kurvatur, heiter det i reguleringsplanen for Breidablikk.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Den gamle freda riksvegen går parallellt med riksveg 15 mellom Grotli høgfjellshotell og Geirangerkrysset. Ein strekning på om lag 14,5 kilometer - open for fri ferdsel. Breidablikk hyttefelt, og andre, har tilkomsten sin via delar av gamlevegen.