5arns Data har flytta inn i Smiu

– Det er fint å kunne vera ein del av eit sosialt fellesskap.

Kontor: Omar Lien og 5arns Data AS har fått seg kontorplass i Smiu i Signegarden i Bismo. – Det er berre å stikke innom. Døra er alltid open, seier Lien, og ynskjer både gamle og nye kundar velkomen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Omar Lien, som driv firmaet 5arns Data AS i Skjåk. Sidan han starta bedrifta i 2016, har IT-leverandøren hatt kontoret heime i Gjeilen i Bismo. 1. august flytta Lien 5arns Data eit par steinkast vestover, til Smiu i Signegarden.