E-sport: Ny møteplass samlar unge til spelkveldar i regionen

Vetle Lien Rusten og Harald Ødegaard i Blue Elite Esport har oppretta ein ny møteplass ved å samle mange unge i regionen til spel-arrangement. Nå utviklar dei organisasjonen for å kunne gje eit breiare tilbod.

Gler seg: Harald Ødegaard og Vetle Lien Rusten i Blue Elite Esports gler seg over vidareutviklinga til organisasjonen dei starta opp i 2016.  Foto: Kari Margot Odnes

Nyheiter

Korleis få ein gjeng med barn og unge å kome på biblioteket ein fredag kveld? Jau, ta med spelkonsollar med mange handkontrollar og arranger spelkveld.