Folketalsutviklinga i 2. kvartal 2021:

Positive tal i Ottadalen, men minustal elles i Nord-Gudbrandsdalen

Folketalsutviklinga i 2. kvartal 2021 fortel om ei flat utvikling i Lom og ein auke i Skjåk og Vågå - men elles vart det minustal i alle kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Opp og ned: Folketalsutviklinga i Nord-Gudbrandsdalen går litt opp og ned i dei ulike kommunane frå kvartal frå kvartal, men tendensen er klar: Vi blir stadig færre innbyggjarar i vår region. Vågå kommune har gått «mot straumen» så langt i år, med ein auke på i alt 19 personar dei to fyrste kvartala.  Foto: Arkiv/Arve Danielsen

Nyheiter

Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.