Skjåk er i sjokk og sorg: – Ord blir fattige

– Dette er berre frykteleg tragisk, ord blir fattige.

Ordførar: Edel Kveen seier ord blir fattige når slike hendingar skjer.  Foto: Tom Erik Solstad/arkiv

Nyheiter

Omkom etter traktorulykke

Den 16 år gamle jenta som var involvert i ei traktorulykke i Skjåk onsdag 28. juli er død.


Ordførar Edel Kveen fortel om ei Skjåk-bygd i sjokk og sorg.

– Alle hadde håpa at jenta skulle koma heim att, at det skulle gå bra - så vart det ikkje slik. Dette kjem som eit sjokk på så mange. Det er så mange involverte. Fyrst og fremst går tankane til familien, og jenta hadde eit stort nettverk og mange vener. Nei, det er berre tragisk, seier Kveen.

Kriseteam er tilgjengeleg, også i samarbeid med nabokommunen Lom. Det er tette band mellom bygdene, særleg innanfor idretten, men også i samband med at den forulykka hadde sommararbeid i Lom.

– Vi gjer det vi kan for å ta vare på dei som treng omsorg nå, og vil invitere til ei samling så snart det let seg gjera, fortel Kveen.