Omkom etter traktorulykke

Den 16 år gamle jenta som var involvert i ei traktorulykke i Skjåk onsdag 28. juli er død.
Nyheiter

Det stadfestar St. Olavs hospital overfor Innlandet politidistrikt. Dei pårørande er varsla og blir teke hand om av kommunens kriseteam.

Ulykka skjedde onsdag 28. juli da traktoren jenta køyrde velta på Skjåk Solside i Skjåk kommune. Jenta var aleine da ulykka skjedde. Det var forbipasserande som fann jenta og som utførte livreddande fyrstehjelp til naudetatane kom til staden.

Årsaka til ulykka er førebels uklar da det ikkje var vitne til sjølve ulykka. Politiet etterforskar ulykka både teknisk og taktisk for å få klarheit i hendelsesforløpet.