Onsdag: Marlo bru open for lette køyretøy

I samband med ulykka på Skjåk Solside, blir Marlo bru opna så lenge fylkesvegen er stengt.

Open: Marlo bru blir onsdag opna for lette køyretøy  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Det er i praksis umogleg å koma til og frå solsida i Skjåk så lenge vegen er stengt, men politiet opplyser at den elles stengte marlosbrue vil haldast open for lette køyretøy så lenge vegen blir halden stengt.

Det vil vera mannskap som dirigerer trafikken ved brua.

Det pågår onsdag og torsdag koronavaksinering i Marlo grendahus, og det er såleis mange skjåkværar som skal «seover» bygda onsdag.