Klassekameratar og ungdom i Skjåk har fått tilbod om å samlast attpå traktorulykka

Ei ung jente vart alvorleg skadd i ei traktorulykke i Skjåk, onsdag føremiddag. Ulykka har gjort eit sterkt inntrykk i bygda.
Nyheiter

Til NRK opplyser St Olavs sjukehus, dit jenta vart flogen, at situasjonen er alvorleg, men stabil.

Ordførar i Skjåk, Edel Kveen, fortel til Fjuken onsdag kveld at klassekameratar og vener har fått tilbod om å møtast for å få informasjon om ulykka, og få prate med einannan og helsepersonell.

– Vi har på plass psykososiale kriseteam frå både Lom og Skjåk, og ungdomar som vi veit kjenner jenta har fått tilbod om å koma saman, seier Kveen.

Teknikarar frå mellom anna politiet arbeidde på ulykkesstaden, og vegen var ennå stengt ved 18-tida onsdag kveld.

Marlo bru er open for lette køyretøy.