Alvorleg traktorulykke Skjåk

Ein person er flogen kritisk skadd til St Olavs i Trondheim

Ulykke: Det skjedde ei alvorleg ulykke med traktor i Skjåk onsdag føremiddag.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Det var på fylkesveg 2646, Skjåk Solside, at ein person onsdag føremiddag hamna i klem under traktoren personen køyrde.

I fylgje politiet har traktoren fått ein skrens og velta i vegen. Andre skal ikkje ha vore innblanda i ulykka.

Politiet opplyser at det vart gjeve livreddande hjelp før luftambulanse kom. Situasjonen for traktorføraren er alvorleg og uavklart.

Ei undersøkingsgruppe, som blir tilkalla ved alvorlege ulykker, kjem for å få klarlagt kva som har skjedd.

Skjåk kommunes kriseteam tek hand om dei pårørande.