Smittetilfelle i Lom

Tysdag er det påvist smitte hjå ein person som oppheld seg i Lom.
Nyheiter

Det melder Lom kommune.

Personen er isolert, og det er sett i gang smittesporing.

Personen var på spisestaden Milano måndag 26. juli mellom klokka 17.00 og 19.00.

– Besøkjande som var der i dette tidsrommet bør vera merksame på symptom og ha låg terskel for å teste seg, ber Lom kommune.