Skjåk har dobbelt opp med vaksine denne veka

På stutt varsel har Skjåk kommune fått dobla vaksinedosene denne veka.

Illustrasjonsfoto/skjaak.kommune.no 

Nyheiter

Kommunen oppmodar dei som ennå ikkje er vaksinert i Skjåk om å ta kontakt for vaksinering onsdag eller torsdag denne veka.

Dei som er sett opp for vaksinering i veke 32, og har høve til å få vaksinen nå, blir også oppmoda om å ta kontakt for vaksinering inneverande veke.

Time kan tingast på telefon 902 41 735