Sally Ride - astronauten «frå» Lom

26. mai ville Sally Ride fylt 70 år. Ho døydde i 2012, 61 år gamal som ei av dei mest anerkjente kvinnene i USA.

Fyrste i rommet: Sally Ride var den fyrste amerikanske kvinna i verdsrommet.  Foto: Wikipedia

Nyheiter

Ho var den fyrste kvinnelege, og også den yngste amerikanske astronauten som flaug i bane rundt jorda. Alt i ung alder var hos svært interessert i i vitskap, og dette var med og la grunnlag for karrieren hennar. Doktorgraden i astrofysikk tok ho ved Stanford Universitet i 1977. Medan ho arbeidde med den, såg ho ein annonse om at Amerikas romfartsprogram (NASA) søkte etter astronautaspirantar, både menn og kvinner. Blant om lag 8000 søkarar, skulle ho bli den fyrste og yngste amerikanske kvinna til å reise ut i verdsrommet i 1983. Ho måtte utføre dei same fysiske testane som menn. Som ein av dei beste tennisutøvarane i USA i ungdomen, var ho i god fysisk form.