Kristian på snart fem år fekk oppfylt draumen: Til Geiranger i veterantraktor

– Eg fekk både hamburgar og softis!

Klar for langtur: Kristian Synstnes på snart fem år, fekk nyleg ein draumedag, da han fekk sitja på i traktoren til bestefar heilt til Geiranger og heim att. – Eg fekk både hamburgar og softis! fortel guten, som her er klar for avreise.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Kristian Synstnes i Skjåk, som fyller fem år i september. Nyleg fekk han ein draumedag, da han fekk vera med bestefar Geir Jakob Brujordet på traktortur frå Bismo til Geiranger og heim att.