Skal designe finalekjolen til «Miss Norway»-finalist - med inspirasjon frå Jotunheimen

Den 14. august er det «Miss Norway»-finale i Oslo. Nora Emilie Nakken (23) frå Trondheim er blant finalistane. Ho har fått den erfarne og kreative kjoledesignaren Nina Thorsø til å designe finalekjolen sin. Inspirasjonen blir mellom anna henta i Jotunheimen.

Finalist: Nora Emilie Nakken frå Trondheim er finalist i «Miss Norway». Saman med kjoledesignar Nina Thorsø har ho vore på tur i Jotunheimen, her på Juvass.  Foto: Nina Thorsø

Nyheiter

Kjoledesignaren er kjend for å få fram Noreg i kjolane sine. Nyleg var Nina Thorsø og Nora Emilie Nakken i Jotunheimen for å hente inspirasjon og kreativitet. Thorsø har fått i oppdrag å designe finalekjolen til «Miss Norway»-finalisten.