Breheimen Mat på plass på Moldejazz: – Vårt fyrste arrangement på 17 månader

– Det er utruleg godt å vera i gang att, men samtidig blir det liksom å starte heilt på nytt.

– Endeleg! Breheimen Mat har salsbu på Moldejazz denne veka. Dette er fyrste gong Skjåk-bedrifta sel elgburgar og elgbab på 17 månader. Sist gong var på Rørosmartnan i februar 2020. Frå venstre: Lisa Skiaker, Maja Carine Furulund, Liv-Marit Vesteng, Jens Gubhage og Henrik Månum.   Foto: Privat

Nyheiter

Det seier Lisa Skiaker i Breheimen Mat. Denne veka er ho og seks andre på plass i salsbua ute i gata på Moldejazz, der dei kvar dag fram til laurdagsnatta sel elgburgar, elgbab og bratwurst til svoltne festivalgjestar.