Auka risiko for skogbrann - oppmoding frå Lom og Skjåk brannvesen

Mykje finvêr og lite nedbør aukar risikoen for skogbrann.

  Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

Lom og Skjåk brannvesen oppmodar alle til å vera ekstra varsame med open eld om dagen.

– Lom og Skjåk har hatt mykje finvêr og lite nedbør, og dermed aukar risikoen for skogbrann. Faren vil auke ytterlegare utover veka, skriv brannvesenet på si Facebook-side, og ber folk vera ekstra varsame.