Skreiv ut 19 forenkla førelegg for fart på to og ein halv time

– Mange vart målt til over 80 km/t i 60-sona.

Mange førelegg: UP skreiv ut mange førelegg på rv15 ved Ånstad tysdag ettermiddag.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv/Illustrasjon

Nyheiter

Det seier politioverbetjent Pål Tore Brendløkken i Utrykkingspolitiet (UP) til Fjuken.

Det var på riksveg 15 ved Ånstad i Skjåk, at UP gjennomførte kontroll tysdag ettermiddag. I løpet av den to og ein halv time lange kontrollen, skreiv UP ut til saman 19 forenkla førelegg for fart.

– Høgaste fart som vart målt i 60-sona var 84 kilometer i timen. Det var mykje trafikk, og mange vart målt til rundt 80 kilometer i timen, rapporterer Brendløkken.