Minnemarkering ti år etter terrorangrepet

I respekt for dei som vart råka av terrorangrepet 22. juli 2011, og for demokratiet, vil Skjåk kommune markere dagen.

22. juli-markering: Det blir minnemarkering ved Bångråttjønn om kvelden 22. juli - ti år etter terrorangrepet.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Skjåk kommune opplyser at det vil bli eit kveldsarrangement ved Bångråttjønn torsdag 22. juli. Her blir det tale ved Margethe Øvrelid i Humanetisk forbund, song og gitarspel ved Mari Lindsheim og Magnus Lilleengen, allsong og enkel servering.

Det blir også markering i Skjåk kyrkje, på dagtid 22. juli. Her blir det strøyming av nasjonal gudsteneste, ringing med kyrkjeklokkene og open kyrkje.