Mann køyrd til arresten

Ein mann som tidlegare på dagen vart bortvist frå sentrum grunna ordensforstyrring, vart måndag kveld køyrd til arresten.
Nyheiter

Det var i Vågåmo at ein mann, ein kjenning av politiet, var til sjenanse for folk måndag. Mannen var rusa, og vart bortvist frå sentrum av ein politipatrulje om ettermiddagen.

Det opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

Seinare på dagen kom vedkomande attende, og måndag kveld vart politiet tilkalla. Da skal mannen ha forstyrra ro og orden på hotellet.

Som ein konsekvens av dette, tok politiet med seg mannen, og køyrde han til arresten på Hamar.

Mannen kan vente seg ein reaksjon frå politiet tysdag.