– Det er trist at ein så fin plass blir forsøpla og «nedskiti»

– Her må det anten tilretteleggjast med toalett og søppeldunkar, eller skiltast «camping forbode».

Lei av villcamping: Ragnhild Sjurgard og dottera Kari på snart fem år likar å bade ved Liabrua, men ser at fleire tek seg til rette i form av å bruke den flotte badeplassen som campingplass. Ragnhild er grunneigar, og tykkjer ikkje noko om villcampinga.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Ragnhild Sjurgard. I årevis har Liabrua i Lom vore ein ynda plass for bading, både for lokale og tilreisande. På varme sommardagar oppheld mange seg her i timevis.