Politiet åtvarar mot svindel

Politiet i Innlandet kjem med ei åtvaring måndag ettermiddag.
Nyheiter

Politiet i Innlandet opplyser at fleire personar har vorte oppringt av ein mann med auslandsdialekt, som utgjev seg for å vera etterforskar i politiet.

I fylgje politiet seier vedkomande at dei er involvert i ei svindelsak, og ber dei som blir oppringt om å mellom anna opplyse bankkontonummeret sitt.

– Dette er svindel. Ikkje gjev opplysningar, oppmodar politiet måndag ettermiddag.