Frikk og gjestemusikarar med urframføring i Utgard

Låtskrivar, lyrikar og musikar Frikk Gjeilo frå Lom, hadde fått med seg nokre av dalens beste musikarar da han hadde konsert i Utgard i Lom laurdag kveld.

Konsert: Eit sekstitals personar var til stades under konserten i Utgard i Lom laurdag kveld. Frå venstre: Vegard Moshagen, Øyvind Sandum, Frikk Gjeilo og Bjørn Kåre Odde.  Foto: Kai Rune Melby

Nyheiter

Frikk Gjeilo byrja å skrive musikk som ung, men det var fyrst i vaksen alder at musikken hans vart utgjeve. Debutsingelen, Planet, har vore lista på NRK P1 Innlandet sidan den vart utgjeve i januar 2020. I september kjem debutalbumet hans.