Tronhus ynskjer familiar som gjestar, som har tid til å oppleve dei små tinga

Tronhus i Randsverk har lang historie som turiststasjon, ein tradisjon som dagens vertskap fører vidare.

Vertskap og eigarar: – Tronhus si historie har vorte vår historie, seier Kristin Borud og Tor Henning Evensen. «Tantehuset» var det siste huset oldefar Jens Tronhus sette opp. Her sprang Kristin som jentunge på besøk hjå tantene som budde i huset. Vertskapet og eigarane av Tronhus set stor pris på at familiar leiger overnatting, slik at nye unge generasjonar spring ut og inn av dørene i «Tantehuset».  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Frå slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet var Randsverk og Tronhus ein av dei viktigaste innfallsportane til Jotunheimen.