Lom og Skjåk på nasjonal toppliste over populære turistkommunar

Så langt i sommar har turistane stått for store delar av omsetnaden i dei to ottadalskommunane, som er blant årets mest populære reisemål i landet.

På topplista: Lom kommune er turistkommune nummer to, i fylgje DNB si nasjonale analyse.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/Arkiv

Nyheiter

Det viser ferske tal frå DNB si nasjonale analyse av pengeforbruket til kundane sine. Topp ti-lista stadfester at mange små kommunar gjer det godt på norske turistar, som legg att utruleg med kroner når dei er på besøk.

Lista til DNB viser at Lom kommune er turistkommune nummer to i landet, og at heile 85 prosent av omsetnaden her kjem frå turistar. Skjåk kommune er på tiandeplass. Her står turistane for 79 prosent av omsetnaden.

Det er Stranda kommune i Møre og Romsdal som er turistkommune nummer éin, der 86 prosent av omsetnaden kjem frå turistane. Bak Lom, som altså er nummer to, kjem vestlandskommunane Aurland (83 prosent) og Stryn (83 prosent). Deretter kjem Moskenes (82 prosent) i Nordland, Gjerstad (81 prosent) og Flekkefjord (81 prosent) i Agder, Kragerø (80 prosent) i Vestfold og Telemark, og Øystre Slidre (80 prosent) i Innlandet.

Analysen til DNB er basert på kortbruk i vekene 25, 26 og 27.