Campingvogn bles av vegen

Naudetatar rykka ut laurdag føremiddag, etter melding om ei campingvogn som hadde blåse av vegen.
Nyheiter

Det var på Valdresflye, på fylkesveg 51, at ei campingvogn bles av vegen laurdag føremiddag. Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.35.

Vogna skal ha store materielle skader, men det er ikkje meld om alvorlege personskader, opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

Naudetatar rykka ut til staden.