Fann utriveleg lapp på bilen utanfor kyrkjegarden i Vågå: – Kva for oppførsel er dette?

– Dette er ikkje oppførsel i det heile teke, og slett ikkje noko triveleg.

Utriveleg beskjed: Denne lappen låg på frontruta på bilen som stod parkert utanfor kyrkjegarden i Vågå fredag ettermiddag.  Foto: Privat

Nyheiter

Det seier Alf Flatum. Fredag ettermiddag skulle dottera hans, Maria Flatum, og kjærasten hennar til kyrkjegarden i Vågå for å vatne på ein gravplass. Dei parkerte på parkeringsplassen utanfor inngangen til kyrkjegarden. Før dei skulle inn for å vatne, ville paret kjøpe seg ein is i Moom.