Væpna politi i heile landet neste veke

For å tryggje gjennomføringa av planlagte arrangement over heile landet, har Politidirektoratet vedteke nasjonal væpning av politiet i perioden 19.-23. juli.

Væpna politi: For å tryggje gjennomføringa av planlagte arrangement over heile landet, har Politidirektoratet vedteke nasjonal væpning av politiet i perioden 19.-23. juli.  Foto: Politiets Fellesforbund

Nyheiter

Politiet vil vera væpna denne perioden, for å tryggje gjennomføringa av ulike arrangement og større folkesamlinger i tilknyting til den islamske høgtida Id al-adha, og markeringar og arrangement i samband med at det er ti år sidan terrorangrepa 22. juli 2011.

− Markeringane vil gå føre seg spreidd over heile landet, og det er vedteke å sikre ein einskapleg praksis for politiets beredskap desse dagane, seier seksjonsleiar Jørn Schjelderup i Politidirektoratet, i ei pressemelding.

Det er Politiets sikkerhetstjeneste (PST) som har ansvaret for å vurdere terrortrusselen i Noreg. I den opne trusselvurderinga til PST, blir terrortrusselen i Noreg framleis vurdert som «moderat». Dette betyr at PST vurderer det som «mogleg» at nokon vil forsøke å gjennomføre terrorhandlingar i landet.

− Sjølv om det ikkje ligg føre ein konkret trussel, blir betydninga av rask respons frå politiet vurdert som viktig for å sikre best mogleg beredskap når mange er samla, knytt til ulike arrangement rundt om i heile landet, seier Schjelderup.

Politidirektoratet presiserer at vedtaket om mellombels væpning mellom 19. og 23. juli ikkje er til hinder for at enkeltoppdrag etter ei konkret vurdering framleis kan løysast uvæpna.

– Dette kan til dømes vera oppdrag retta mot barn og unge. Dette er løpande vurderingar som kvart enkelt politidistrikt vil gjera, som normalt, sluttar Schjelderup.