UP etter laserkontroll i Skjåk: – Nedslåande resultat! Folk har det travelt når dei er på ferie!

Jonny Gundersen i Utrykkingspolitiet (UP) anslår at om lag 70 prosent av alle som passerte laserkontrollen som vart gjennomført i Skjåk torsdag, køyrde over lovleg fartsgrense.

– Nedslåande! Politioverbetjent Jonny Gundersen i Utrykkingspolitiet fortel at resultatet attpå laserkontrollen på rv15 i Skjåk torsdag er nedslåande.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Det var i 60-sona på riksveg 15 ved Ellinors Landhandel i Nordberg i Skjåk at UP gjennomførte laserkontroll torsdag.

Politioverbetjent Jonny Gundersen fortel at det vart skrive ut 18 forenkla førelegg under kontrollen. Høgaste fart som vart målt i 60-sona var 82 km/t.

Gundersen er uroa etter kontrollen.

– Resultatet var nedslåande. I tillegg til dei 18 som fekk forenkla førelegg, var det svært mange andre som vart målt til mellom 61 og 68 kilometer i timen, utan å bli stoppa, seier han.

Politioverbetjenten anslår at så mange som om lag 70 prosent av alle som passerte kontrollen i Skjåk torsdag, køyrde over lovleg fartsgrense.

– Folk har det travelt når dei er på ferie! seier Gundersen.