Ivrige syklistar fekk med seg pengar til Barnekreftforeininga

«Team Rynkeby» syklar gjennom Noreg og samlar inn pengar til Barnekreftforeininga. Denne veka var dei i Ottadalen, der dei fekk med seg pengar til formålet.

Gåvesjekk: Syklistane i laget «Team Rynkeby Østfold» fekk med seg ein gåvesjekk på 5.000 kroner frå Skjåk kommune til Barnekreftforeininga. Det var varaordførar Kristen Haugen Dagsgard som overrekte sjekken til Roy Vikan.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

«Team Rynkeby - God Morgon» er namnet på prosjektet, der hobbysyklistar med ulik alder og bakgrunn syklar Skandinavia til Paris, for å samle inn pengar til Barnekreftforeininga. Grunna koronasituasjonen er reisa nå i staden nasjonal.