SJÅ VIDEO:

Nærgåande elgku med kalvar skapar uro i Bismo – kommunen tek grep

Ei elgku med to kalvar har slått seg til i og rundt bustadfelt i Bismo. Fleire bebuarar er uroa. Skjåk kommune er klar over situasjonen, og set i verk tiltak i løpet av veka.

Ei elgku og to kalvar oppheld seg svært nær folk og bustader i Bismo om dagen.

Nyheiter

Fleire har vendt seg til Fjuken dei siste dagane, om ei elgku med to kalvar som held til i Bismo. Dyra er mellom anna observert på gang- og sykkelvegar, og nær husveggar i bustadfelt.

Blåbærmyra, Skamsarvegen og Lyngvegen er blant gatene som har hatt besøk av kua og kalvane den siste tida.

– I går sat eg lenge med hjartet i halsen, og var redd det skulle koma barn gåande eller syklande medan dyra oppheldt seg her. Dette er ikkje noko triveleg i det heile teke, og eg tenkjer særleg på barn som er mykje ute nå i ferien, seier éin av bebuarane i Bismo, som tok kontakt med Fjuken.

Naturforvaltar Tor Taraldsrud i Skjåk kommune fortel at kommunen kjenner til elgkua og kalvane som har slått seg til i Bismo, og skjønar godt at folk er uroa.

Han ber folk vera svært observante og varsame.

– Ei elgku med kalvar skal ein ha respekt for. Om ein kjem mellom ku og kalv kan det oppstå ein svært skummel situasjon. Normalt vil dyra flykte unna, men desse dyra er så nærgåande og vande til folk, at dei kan reagere annleis. Det er viktig å vera svært varsam, seier Taraldsrud.

Saka held fram under bildet

Elgku: Fleire bebuarar er uroa over elgkua og dei to kalvane som har slått seg til i Bismo.  Foto: Ronny Brukveen

Naturforvaltaren kjenner til at elgkua og dei to kalvane har vore rundt om i Bismo - rundt folk og hus - sidan i førre veke.

– Den fyrste meldinga eg fekk var sist onsdag, så nå har dei vore i området i snart ei veke, seier Taraldsrud.

Han fortel at Skjåk kommune hadde eit håp om at dei skulle flykte til skogs att, men sidan dyra framleis oppheld seg i og rundt bustadfelta i Bismo, vil kommunen nå setja i verk tiltak.

– I fyrste omgang vil vi gjera eit forsøk på å jage vekk kua og kalvane, men dette bør gjerast seint på kvelden, når det er minst mogleg biltrafikk og folk i området. Ein veit ikkje korleis dyra vil reagere på dette, og det er eit visst sjansespel. Om dette tiltaket ikkje gjev resultat, må vi rett og slett avlive dyra. Det er sjølvsagt ikkje ynskjeleg å ta ut ei ku med tvillingkalvar på denne tida her, men det er dessverre det som blir siste utveg, om vi ikkje lykkast med å skremme dei vekk frå Bismo. Da må ein ta kalvane fyrst og kua etterpå, men det å skulle skyte i og rundt bustadfelta i Bismo, vil vera krevjande og skummelt. Men dette er altså siste utveg, seier Tor Taraldsrud.

I fylgje naturforvaltaren vil tiltak bli sett i verk denne veka.