Kvinne omkom i drukningsulykke i Bøverdalen

Ei eldre kvinne er stadfesta omkomen i ei drukningsulykke måndag ettermiddag.
Nyheiter

Naudetatane rykka måndag ettermiddag ut etter melding om ei drukningsulykke i Bøvra i Bøverdalen i Lom. Meldinga kom klokka 13.28.

Politiet i Innlandet opplyser at personen, ei eldre kvinne, er stadfesta omkomen.

– Livreddande fyrstehjelp vart utført på staden, men livet stod ikkje til å redde, opplyser operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt.

Politiet legg til at dei pårørande er varsla.