Interfil styrkar satsinga på inneklima: Har kjøpt opp luftreinsefirma

Interfil AS i Skjåk har det siste året hatt eit samarbeid med ACA Purifiers AS, som har utvikla eit unikt konsept innan luftreinsarar. Interfil har nå kjøpt alle aksjane i selskapet.

Oppkjøp: Interfil AS, her representert ved dagleg leiar Arild de Presno, har kjøpt alle aksjane i ACA Purifiers, som driv med luftreinseteknologi.  Foto: Interfil

Nyheiter

Sidan 1989 har Interfil AS, med sine om lag 70 tilsette, produsert ventilasjonsfilter, hovudsakleg for den norske marknaden. Dei seinare åra har det også vore aukande innslag av eksport, hovudsakleg til Sverige, men kundar frå Polen, Kina og Saudi-Arabia står også på kundelista til hjørnesteinsbedrifta i Skjåk.